KART 2018-06-27T15:38:29+00:00

VELKOMMEN TIL ÅMOTAN

  1. Tusktjønna

Idyllisk lita tjønn som er danna i dødisgrop. Fin og usjenert badeplass.

2. Middagshjellan

Her er ca 60 dekar fulldyrka jord. Området er heilt flatt, og jorda består av silt og finsand. Dette er ein del av botnen i den bredemte sjøen som danna seg her i slutten av den siste istida i tidsrommet ca 14000 år til ca 12000 år før vår tid.  Den dyrka jorda er inngjerda og vert no hausta som rundballar. Tidlegare vart graset hausta som høy, køyrt inn i «Storløa» og frakta ned til garden på slede («sloe») med hest om vinteren. Lykkja har blitt dyrka i fleire omgangar. Midt i 1950 – åra vart det det nydyrka 20 dekar. Når det første vart dyrka veit ein ikkje sikkert men det var truleg slåttemark her på 1500 talet og kanskje også før Svartedauden.  «Olderbua» er det eldste huset. «Landlaupsetra» er den innerste setra. Her var det tradisjonell seterdrift til 1989. Husa på setra er i god stand med sel, fjøs og eldhus. Her er også badestamp med tilhøyrande gapahuk. Setergrenda har tre setre til, det er «Hulderbua» og «Hjellbua» i tillegg til den gamle slåttebua «Olderbua» og «Storløa» som var høylager.

3. Gravrøys

Fylkeskonservatoren (ved Kristoffer Dahle) har nyleg bekrefta at det er ei gravrøys som ligg her på kanten av den store flata. Røysa ligg som ein sentral akse i det store dalsystemet med utsikt til Grudalen, Grødalen, Grøvudalen, Sunndalen, Lindalen, Skirådalen og Reppdalen.

4. Treoljefabrikken

Her ved den «Heimer Lokkarbekken» ligg eit anlegg for produksjon av treolje, tjære, terpentin, tjærelåg og trekol. Anlegget består av ein ståltank «retorte» på 400 liter med to kjølarar med spiralar av glødd koparrøyr. Tanken vert fylt med finhogd, feit tyri, forsegla med tett lokk og oppvarma ved utvendig fyring med vèd. Dampen frå tanken vert leia gjennom kjølarane slik at terpentin og tjærelåg fell ut og kan samlast opp. Treolja og den tjukke tjæra renn ned i botnen på tanken og vidare ut gjennom eit 4 m langt røyr der den vert samla opp. Ved fabrikken er det også gapahuk, danseplatting, spelemannsbu og grill samt bord og benkar. Anlegget vart starta opp i 1989, og har sidan vorte gradvis forbedra og utvikla vidare.

5. Ny-gammeldassen

Sjarmerande lite avtrede på bakkekanten, bygd utan tommestokk, vinkel og vater. Ikke helt vinkelrett, men funksjonelt. Dassen blir også brukt til spiklager.

6. Lindalsfallet

Ein av dei tre fossane som stuper ut i Åmotan. Fossen har et totalt fall på ca 140 m. Det frie fallet er litt kortere. Det er fantastisk utsikt til fossen frå  Ørnsnydda.  Hit er det fottur på ca 30 minutt langs sti frå Jenstad. Stien går vidare opp til Tjønnan.

7. Jenstad

Dei tre jenstadgardane er hovedbruket «Garden»  samt småbruka «Haugen» og «Oppistua» som er utskilte frå hovedbruket. «Kuberje» er nyhusa i Oppistiua bygd i 1982.

8.  Svuu

Gammalt fråflytta tun i den stupbratte lia vest for Åmotan.

9. Svuufallet

Denne fossen har eit fritt fall på 156 m og dundrar heilt ned i djupaste botnen av Åmotan (300 m.o.h.) Om ein reknar den kvite vasstrengen heilt frå kanten av den bratte lia vert det eit fall på 313 m. Ein får nærkontakt med fossen frå vegkanten der det frie fallet startar.

10.  Jenkabrua

Bru over Lindøla/Reppa etter samløpet. Her var det hengebru fram til hausten 2016. Då kom det på plass stive, galvaniserte stålbruer med trebotn, ved hjelp av helikopter.

11.  Brennbrua

Som for Jenkabrua.

12.  Lindøla

Elva drenerer Lindalen som grensar til Oppdal kommune ved «Storvatnet». På oppdalsida heiter dalen Dindalen og munnar ut i Drivdalen ved Lønset.

13.  Reppfallet

Fossen er eit par hundre meter høg, man har ikkje heilt fritt fall. Vatnet renn langs berget. Fossen er synleg frå tunet på Jenstad.

14.  Reppa

Denne elva drenerer Reppdalen med sidedalane Skirådalen, Kvitådalen og Stegådalen som går heilt inn til Istjønna ved fjellet Storskrymten. Dette er høgfjellsområde heilt opp til nesten 2000 m.

15. Grøvu

Den elva som kjem frå Grudalen vert kalla Grøvu når ho renn inn i juvet. Elva har tilløp også frå Geitådalen. Enkelte hevdar at navnet «Grøvu» er navnet på det djupe sporet som elva renn i, altså resultatet av at elva grev, og ikkje navnet på elva.

16. Lundlia – «Gårdsbutikk med Japansk håndarbeid»

Fjellgard etablert først på 1800 – talet. Her bor ekteparet Keiko Ishibashi (frå Japan) og Helge Dragset. Ring mobil for besøk: 48 26 85 82

17. Jenstadlåven

Jenstadlåven er et ombygd sauefjøs som er gjort om til et flott selskapslokale perfekt til ditt unike selskap med servering av lokal mat, det være seg bursdagsselskap, konfirmasjoner, vennelag, bedriftssamlinger m.m. som kan kombineres med både traktorsafari og fotturer i og rundt Åmotan.